to kunstnarsjelar på rømmen frå eit grått og tørt landskap


tirsdag 25. mars 2008

På gullvegg: Snow Attack


Oppsummering av påska, gjennom linsa til Oh Jung Seok.

mandag 24. mars 2008

Poetry in motion: haiKU!


Ein liten smakfull liten tapas av ein haiKU frå den japanske haiKUdiktaren Matsuo Bashō:


Gammal dam
Ein frosk hoppar
Lyden av vatnet

Vår ven: Frank Zappa


Frank Zappa sa ein gong: "Eit sinn er som ein fallskjerm. Det fungerar ikkje om ikkje det er opent". Så sant, så sant. Han vart fødd ein kald desemberdag i 1940 i USA. Han var ein glitrande låtskrivar og komponist. Sjølv om det er med bandet sitt "Mothers of Invention" han er mest kjend, som spelar forskjellig R&B-inspirert musikk, skreiv han og mykje klassisk musikk. Idola hans var Edgard Varèse og Igor Stravinskij. Spesielt verket "Ionisaton" av Varèse tende den musikalske gløden i sinnet hans. Dette musikkstykket er skrive for 13 perkusjonistar og to sirener. Han byrja etter denne oppvåkninga å spele trommer i eit lokalt band. Men då han spelte altfor mykje på cymbalane, og ingen klarte å danse til rytmane hans, fekk han sparken.

Han har alltid vore politisk engasjert, og særleg var det sensurering av musikk han var oppteken av. Han opplevde sjølv å bli sensurert av den amerikanske staten. Han brukte konsertane sine til å oppmuntre mange amerikanarar å stemme, og vurderte sjølv å stille som presidentkandidat. Istadenfor vart han handelsminister i Tjekkoslovakia. Då Bush-regjeringa fekk høyre dette, vart dei kjempesinte, og trua å bryte all kontakt med landet om han ikkje trakk seg. Det gjorde han.

I 1991 fekk han beskjed om at han hadde prostatakreft, og at han mest sannsynleg ikkje kom til å overleve. Han brukte tida fram til han døydde i 1993 til å jobbe med dei klassiske verka sine.

For ein fyr! Bruk dagen i dag med å bli kjend med Frankie, og invister gjerne i eitt av dei over 50 albuma han har gjeve ut. Gjer det i dag! Søk på vår helt på Youtube. Og bøy deg i respekt.

Fin ting: Fjør

Til å feste på klede, eller kople på eit smykke. Fjør er like fint som nokon glinsande stein.

Fin ting: Salt Water Spray

Ja du sa du hata glatt, sterilt hår ja? Du ville ha litt meir vilt og hippie, strandhår? Saltvasspray er heilt ypparleg, du dusjar eit par dropar i håret ditt, og du oppnår dine ønske som du trudde var uoppnåelege. Go'biteh finn du på H&M for eit par 10arar. Gødt!

Nyt: "Grey Gardens" av Rufus Wainwright



Denne songen av fantastiske Rufus, er inspirert av filmen og livet til mor og datter; Edie og Edie. Dei valde å flytte vekk frå samfunnets lev-livet-etter-boka-reglar, og busatte seg i ein villa der dei gjorde som dei ville; ete is til middag, dans og synge høgt, og la hagen og huset leve sitt eige liv. Rufus Wainwright er ein kanadisk-amerikansk musikar, songar og låtskrivar. Han er ein fabelaktig kunstnar som byr på originalitet på mange områder. Alle burde høyre musikken hans, og iallfall denne, "Grey Gardens". Når du høyre på den, er det som om veggane i øyregangen din blir måla med alle regnbogens fargar.

søndag 23. mars 2008

Vår ven: Tiger

Eg dedikerer dette innlegget til det vakre og elegante kattedyret tigeren. Denne artige krabaten (som òg kan vere farleg) er å finne i skogterrenget til land som India, Bangladesh og Burma. Den har høg status, for den er det største medlemmet i kattefamilien. Skulle du møte på ein, kan du kjenne den att på sin oransje og kvite pels, dekorert med svarte striper. Desse stripene har inspirert utallege desingarar og andre skaparar, for kven vil ikkje pryde sine verk med naturens eigne eventyrlege mønster?