to kunstnarsjelar på rømmen frå eit grått og tørt landskap


søndag 25. mai 2008

Fin ting: Celestial Seasonings

Vi elskar te, og Celestial Seasonings er den beste teen. Når den renn nedover halsen din, vert den som Nilen som gjer markene i sjela di fruktbare. Ta deg ei pause. Ta deg ein kopp te.

lørdag 17. mai 2008

It fits: Dressbukse med oppbrett

foto: The Sartorialist

Farvel til gardinflagrande bukseerme. Brett opp! No blir skoa endeleg sett.

tirsdag 13. mai 2008

Vår ven: The National Bank


The National Bank er eit knallmessig popband, sjølvsagt frå Noreg. Yndlingen Thomas Dybdal er i spissen, og ilag med dei fire andre gutane, lagar dei musikk som lokkar oss ned i ukjende korallrev. I år kom plata "Come on over to the other side", som kjem til å stå igjen som eit av dei viktigaste utgivingane dette året. Apfel & Piri såg desse fargerike fiskane på Balejazz i år. Dei gav oss ei vanvittig framsyning, som fekk publikum til å symje med.

Må ha sagt: Myri er eit eventyr

Under Balejazz i Balestrand, fekk Apfel & Piri opphalde seg på tunet der venene deira Lina, Ragnhild og Sara bur. Der vart vi teke imot med ein varme som vi ikkje har sett make til. Dit skal vi iallfall igjen. For ein plass!

søndag 4. mai 2008

Vår ven: Oddvar Torsheim


Oddvar Torsheim gjer verda litt meir fargerik; når vi ser han vandre rundt i Førde sine fagre gater, kjenner vi det gjer godt i hjartet. Kven kan synge The Beatles som han?

Oddvaren er symbolet på at det er lov til å vere annleis, sjøl i Førde. Takk!

Poetry in motion: Ver snill


Mjukt på mitt kinn

rak mot min rygg

køyr sakte, ven
saktare

Plukk eitt
til to
frå rot til blom

køyr sakte, vcn
saktare

Så vill og fin
veks busk ved veg
drep den ikkje
sakte

Apfel

Fin ting: (RED)


Når du ser dette merket på eit produkt, kan du vite at det er med på å bekjempe HIV/AIDS i Afrika. Dei som ligg bak initiativet er Bono og Bobby Shriver, leiar av DATA. Dei ville skape fokus på situasjonen i Afrika i dag, ved å bruke ikonprodukt som Converse, Apple og Armani. No kan ein få tak i ei rekkje ulike produkt av blant anna desse leverandørane, der 50% av bruttooverskotet går til det globale fondet som jobbar med HIV/AIDS-tiltak i Afrika.

Gå raudt!