to kunstnarsjelar på rømmen frå eit grått og tørt landskap


mandag 24. mars 2008

Vår ven: Frank Zappa


Frank Zappa sa ein gong: "Eit sinn er som ein fallskjerm. Det fungerar ikkje om ikkje det er opent". Så sant, så sant. Han vart fødd ein kald desemberdag i 1940 i USA. Han var ein glitrande låtskrivar og komponist. Sjølv om det er med bandet sitt "Mothers of Invention" han er mest kjend, som spelar forskjellig R&B-inspirert musikk, skreiv han og mykje klassisk musikk. Idola hans var Edgard Varèse og Igor Stravinskij. Spesielt verket "Ionisaton" av Varèse tende den musikalske gløden i sinnet hans. Dette musikkstykket er skrive for 13 perkusjonistar og to sirener. Han byrja etter denne oppvåkninga å spele trommer i eit lokalt band. Men då han spelte altfor mykje på cymbalane, og ingen klarte å danse til rytmane hans, fekk han sparken.

Han har alltid vore politisk engasjert, og særleg var det sensurering av musikk han var oppteken av. Han opplevde sjølv å bli sensurert av den amerikanske staten. Han brukte konsertane sine til å oppmuntre mange amerikanarar å stemme, og vurderte sjølv å stille som presidentkandidat. Istadenfor vart han handelsminister i Tjekkoslovakia. Då Bush-regjeringa fekk høyre dette, vart dei kjempesinte, og trua å bryte all kontakt med landet om han ikkje trakk seg. Det gjorde han.

I 1991 fekk han beskjed om at han hadde prostatakreft, og at han mest sannsynleg ikkje kom til å overleve. Han brukte tida fram til han døydde i 1993 til å jobbe med dei klassiske verka sine.

For ein fyr! Bruk dagen i dag med å bli kjend med Frankie, og invister gjerne i eitt av dei over 50 albuma han har gjeve ut. Gjer det i dag! Søk på vår helt på Youtube. Og bøy deg i respekt.

Ingen kommentarer: