to kunstnarsjelar på rømmen frå eit grått og tørt landskap


tirsdag 13. mai 2008

Vår ven: The National Bank


The National Bank er eit knallmessig popband, sjølvsagt frå Noreg. Yndlingen Thomas Dybdal er i spissen, og ilag med dei fire andre gutane, lagar dei musikk som lokkar oss ned i ukjende korallrev. I år kom plata "Come on over to the other side", som kjem til å stå igjen som eit av dei viktigaste utgivingane dette året. Apfel & Piri såg desse fargerike fiskane på Balejazz i år. Dei gav oss ei vanvittig framsyning, som fekk publikum til å symje med.

3 kommentarer:

3-2-nuz sa...

Eg skal oversjå at de freistar å gå meg i næringi med å bleste kule musikarar og heller slengje meg på heiaropet; Grutte Gråskjegg, for eit kult band!

Apfel & Piri sa...

Jah, og konserten gjekk så fort! Det tyder på at det ikkje var dødpunkt.

3-2-nuz sa...

Meinar de forresten "syngje med" der de har skrive "symje med", eller er det berre kunstnarisk fridom?