to kunstnarsjelar på rømmen frå eit grått og tørt landskap


torsdag 17. juli 2008

Fin ting: 70-tals-tapet

Mønster er inn, og vi vil gjerne krydre våre veggar med dette augesnackset. Sjølvsagt skal tapeten opp på kjøkenet, då den matchar kjensla vi får når den første morgonkaffien renn nedover i halsen.

Få på deg arbeidskleda og
1 - 2 - 3 - tapetiser!

lørdag 14. juni 2008

Nyt: Krtek

Du hugsa kanskje denne fyren frå barne-tv? Den vesle moldvarpen heite han, eller Krtek, som på originalt tsjekkisk. Han som lagde filmane ville at dei kunne bli forstått over heile verda. Så han bestemde seg for at dottera skulle vere stemma bak alle karakterane i filmane. Eit ypparleg val seier vi. Det går ikkje an å ikkje bli glad etter å ha sett ein episode.

søndag 8. juni 2008

Nyt: Min nabo Toroto

Vakker. Søt. Japansk teiknefilm, sjølvsagt. Eg vil ut i hagen og så eikenøtter.

søndag 1. juni 2008

Må ha sagt: Eksamen


I desse stunder held Apfel & Piri på med sine eksamenar, og det er ikkje spesielt kjekt. Men etter trompeten og pennen er lagt ned, skal det klirre i glas!

søndag 25. mai 2008

Fin ting: Celestial Seasonings

Vi elskar te, og Celestial Seasonings er den beste teen. Når den renn nedover halsen din, vert den som Nilen som gjer markene i sjela di fruktbare. Ta deg ei pause. Ta deg ein kopp te.

lørdag 17. mai 2008

It fits: Dressbukse med oppbrett

foto: The Sartorialist

Farvel til gardinflagrande bukseerme. Brett opp! No blir skoa endeleg sett.

tirsdag 13. mai 2008

Vår ven: The National Bank


The National Bank er eit knallmessig popband, sjølvsagt frå Noreg. Yndlingen Thomas Dybdal er i spissen, og ilag med dei fire andre gutane, lagar dei musikk som lokkar oss ned i ukjende korallrev. I år kom plata "Come on over to the other side", som kjem til å stå igjen som eit av dei viktigaste utgivingane dette året. Apfel & Piri såg desse fargerike fiskane på Balejazz i år. Dei gav oss ei vanvittig framsyning, som fekk publikum til å symje med.

Må ha sagt: Myri er eit eventyr

Under Balejazz i Balestrand, fekk Apfel & Piri opphalde seg på tunet der venene deira Lina, Ragnhild og Sara bur. Der vart vi teke imot med ein varme som vi ikkje har sett make til. Dit skal vi iallfall igjen. For ein plass!

søndag 4. mai 2008

Vår ven: Oddvar Torsheim


Oddvar Torsheim gjer verda litt meir fargerik; når vi ser han vandre rundt i Førde sine fagre gater, kjenner vi det gjer godt i hjartet. Kven kan synge The Beatles som han?

Oddvaren er symbolet på at det er lov til å vere annleis, sjøl i Førde. Takk!

Poetry in motion: Ver snill


Mjukt på mitt kinn

rak mot min rygg

køyr sakte, ven
saktare

Plukk eitt
til to
frå rot til blom

køyr sakte, vcn
saktare

Så vill og fin
veks busk ved veg
drep den ikkje
sakte

Apfel

Fin ting: (RED)


Når du ser dette merket på eit produkt, kan du vite at det er med på å bekjempe HIV/AIDS i Afrika. Dei som ligg bak initiativet er Bono og Bobby Shriver, leiar av DATA. Dei ville skape fokus på situasjonen i Afrika i dag, ved å bruke ikonprodukt som Converse, Apple og Armani. No kan ein få tak i ei rekkje ulike produkt av blant anna desse leverandørane, der 50% av bruttooverskotet går til det globale fondet som jobbar med HIV/AIDS-tiltak i Afrika.

Gå raudt!

mandag 28. april 2008

Fin ting: Mango.


Å, denne herlege frukta som gjer at sansane våre dansar ein dans!
Kven kan motstå ein saftig mango, med like gult fruktkjøt som sola sjølv?
Inviter alle venene dine på ein mangofest til helga, medan du syng songar om mangoen du har laga sjølv. Gjer det du vil, men pris mangoen, den fortenar det. <3

På gullvegg: Nikolai Astrup


"Vaarnatt og Seljekall"
Minnar oss på at det er, akk, vår!
Lat oss nyte livet.
Vi skal sjølvsagt sjå originalen til dette praktfulle kunstverket,
eit fargetresnitt,
på Astruptunet i sommar.
Sjåast der?

tirsdag 22. april 2008

Poetry in motion: På stol, ved bord


Vatn mine knusktørre auge
dei visnar i dette rom

Und es gibt
einer schöner Tag

Sola, har vi fått.
Det vedunderlege
har skjedd

Dra meg ut herifrå
og inn i varme sanddyner
Apfel

fredag 18. april 2008

Fin ting: Brilletråd

Vi slengjer oss tilbake for å hente fram brilletråden igjen. Praktisk og praktfull. Den er så stygg at den blir snygg!

På gullvegg: Lina Scheynius



Fotografen Lina Scheynius tek bilete som får oss til å kome i ei stemning som vi ikkje vil gløyme.

Fin ting: Yin Yang

Kva er viktigare enn balanse her i livet? Dag/natt, himmel/jord, kulde/varme, passiv/aktiv. Yin Yang, henta frå kinesisk filosofi, lærer deg å hugse at alt er samansett i balsanse, at livet treng motpartar for å kunne nytast.

I vinden: Apfel & Piri på litteraturfest


I dag møtte Apfel & Piri Sandane kulturelite, der dei leste noko av sin eigenskriven poesi. Hendiga var "Gloppen litteraturfest", som skal verte ei årleg tilskiping. Denne gong var det Hans Sande som var midtpunktet, som for oss vart som ei uoppdaga perle på fjordbotnen.

torsdag 17. april 2008

Må ha sagt: Vi hjartar 3dra

I dag synte 3. drama sine heildagsprøver. Vi fekk magi, undring og skumle saker. Vi såg atter ein gong at den klassen fekk DET til, og vi hjartar dei stort for det!

lørdag 12. april 2008

Vår ven: Joni Mitchell

Apfel og Piri bøyer seg i støvet for denne hipp(i)e singer/songwriter-dronninga. Kven andre enn Joni Mitchell kan få oss til å danse heile natta lang i ein endelaus hippierus? Songane frå ei svunnen tid treff oss, og Blue er og blir eit av dei beste albuma som nokon gong er laga.

... come on down to the mermaid cafè, and I will buy you a bottle of wine ...

Kanskje ho kjem til Roskilde? Vi ventar i spenning.